Tirsdag 17 Mars
Kl. 18:00, Gjemnes Frivilligsentral
God lyd på møteplassar i Gjemnes
Hørselsforbundet i arbeider for at dei med hørselsutfordringar skal kunne delta på arrangement og samlingar på møteplassar i Gjemnes kommune på lik linje med alle andre. Dette forutsett gode lyd- og lytteforhold på møteplassane rundt om i kommunen. Noko som òg gavnar alle andre som err tilstades.

Saman med Løvold Lyd AS inviterer vi  alle lag, organisasjonar, private, skular og kommunen til temakveld om god lyd på møteplassar i Gjemnes.

Vi går igjennom hørsel, lydoppfatning og korleis lyd oppfører i ulike rom. 

Utfordringar og muligheter, og kva som kan gjerast i forhold til universell utforming og tilrettelegging på lydområdet. Lydforsterkning via høgtalar, teleslynge og Auracast. Og tiltak som støy-/lyddemping i rommet, som betrar lytteforholda..

Gjennomgang i Gjemnes frivilligsentral først, derretter går turen til demonstrasjon av det oppgraderte / nye lydutstyret i Kulturstua.

Hørselslaget spanderer kveldsmat. Arrangementet er tilrettelagt med høgtalar og teleslynge.

Er de interesserte, så kjem Oddgeir Løvold og folk frå Hørselsforbundet i Gjemnes på gratis gjennomgang av dykkar lokale i etterkant av møtet. Der vil eksisterande lydforhold bli kartlagt, muligheter for betre lytteforhold og tiltak vurdert.

Alle interesserte er velkomne!

For meir info: 99293395

Arrangert med støtte frå Sparebankstiftelsen Nordvest


2026 © Gjemnes Frivilligsentral