Tirsdag 31. mars 2026 kl. 18:00 - 20:00
Lørdag
27
September
2025
I høve gapahukens dag inviterer vi til samling oppe ved gapahuken vår ved Flemsetervatnet - laurdag 27. september frå kl. 12.00.
Kl. 12:00, Flemsetervatnet
Gapahukens dag
I høve gapahukens dag inviterer vi til samling oppe ved gapahuken vår ved Flemsetervatnet - laurdag 27. september frå kl. 12.00. Ta gjerne turen rundt eller langs vatnet med turbingoen vår, eller slå deg ned på benkane ved vassenden for ein god prat. Vi fyrar opp i bålpanna, og byr på bålkaffi og noko godt å bite i.
Vi kjem til å ta med beis, og blir glade om nokon vil bidra med nokre strøk med målarkosten utanpå gapahuken. I tillegg er det kjekt om de vil hjelpe oss å flytte ut veden som har vore lagra inne i gapahuken, slik at det blir plass til å ta fatt på det planlagte ansiktsløftet (golv, nye benkar og bord) av han.
Håpar vi ser mange oppe ved vatnet!